tirsdag 18. april 2017

Eit ekstraordinært liv

På laurdag kunne Dagbladet melda at den eldste personen i verda, italienske Emma Morano, hadde døydd, 117 år gammal. Ho var fødd den 29. november 1899. No skal ein rett nok ta høgde for at det finst eldre folk. Det er nokre som hevdar å vera ein god del eldre enn Morano, utan at dei kan bevisa det, men ut ifrå det me veit, var ho den siste gjenlevande personen som var fødd på 1800-talet.

På eit vis kan me dermed seia at sjølve 1800-talet tok slutt den 15. april 2017. Tenk litt over det: Alle menneska og tankane som fantest då, er borte no. Slik sett var dette dødsfallet verd å merka seg utover at Guiness må endra eit namn i rekordboka si.

Emma Morano blei fødd i eitt århundre og levde gjennom eitt heilt før ho døydde i eit tredje. Neste gong nokon kan skryta på seg å ha levd eit heilt, kalendarisk århundre, blir 1. januar 2100. Slikt skjer altså ikkje kvar dag.

Dette er derimot ikkje det mest uventa i Dagbladet sin artikkel. Den store sensasjonen kjem for dagen når Dagbladet siterer NTB som har snakka med ordføraren i Verbania, heimbyen til Emma Morano. Han skal ha sagt:

- Hun levde et ekstraordinært liv [...]

Tenk å få eit ekstraordinært liv, då! Det er dei færraste forunt å få eit ekstra liv utanom det som opprinneleg var planlagt. Det er nemleg den tradisjonelle tydinga av "ekstraordinær" på norsk, jamfør "ekstraordinær generalforsamling".

No for tida ser ein derimot dette ordet stadig oftare i tydinga "spesielt, særs bra", men det kan fort laga ugreie. For kva er då ei ekstraordinær generalforsamling? Er det ei generalforsamling ein kalla inn til på grunn av spesielle hendingar, eller er det berre ei knakande god generalforsamling?

Det er ikkje uproblematisk når ein ukritisk tar i bruk engelske ord i norsk språkdrakt og desse kolliderer med ei anna tyding av det same ordet i norsk. Slikt fremmer ikkje kommunikasjon. Det lagar støy og moglege misforståingar. Og i ein gitt situasjon kan det jo til og med bli kritisk.

Og då meiner eg kritisk som i "Kritisk at DNBs nettbank er nede igjen" (P4.no), ikkje som i NRK Finnmark si nyheitssak om eit 700 km langt sykkelritt med den noko forvirrande og garantert feilinformerande tittelen "Kritisk at de får sove". For 700 km på sykkelen utan søvn kan fort bli verkeleg kritisk...