søndag 2. mars 2014

Tidenes beste frå Hjelmeland?

Det 90 km lange Vasaloppet i dag blei meir spennande enn vanleg for oss som har røter i Hjelmeland kommune i Rogaland. Omlag 15 km frå mål rykka hjelmelandsbuen Audun Laugaland og fekk etter kvart ei luke på 40 sekunder. Han såg energisk og sprek ut, og 5 km før mål var kommentatorane på svensk TV sikre på at han ville vinna. "Det är bara en som kan ta från honom sägeren, och det är han själv," sa dei. Underteikna trudde ikkje det han såg der han sat og hoppa i sofaen. 

Knappe 2 km før mål var det framleis 20 sekunders luke, men bak gjekk det styggfort, og Audun var tom for krefter. 400 m før mål blei han tatt igjen. Underteikna fall litt saman i sofaen, som ein gjerne gjer etter ei nær-siger-oppleving, og Audun Laugaland stupte over mål til ein 4. plass.

Etter målgangen låg han lenge utslått og nedslått i snøen. I intervjua kjempa han med følelsane etter å ha vore så nær den store sensasjonen. Han hadde riktignok både 8. og 9. plass frå før, men ingen trudde vel på ein siger til Hjelmeland i verdas største skiløp. Lysløypene i Bjødnabu er jo ikkje nettopp navlen i skiverda. Audun var sjølvsagt skuffa, men også stolt av innsatsen sin, sa han. Og det er det all grunn til. Ikkje berre er det karrierebeste etter fleire år like under toppen i langløpssirkuset, men det er ei av dei beste prestasjonane i Hjelmeland si idrettshistorie. Kanskje den beste.

Det har vore idrettslag i Hjelmeland i over 100 år, men det har ikkje vore så mange høgdepunkt å visa til resultatmessig. Underleg nok har dei beste resultata kome vinterstid, trass i at ein vanleg Ryfylkevinter med plussgrader og regn i berre liten grad inviterer til klassisk norsk vintersport. Eit aktivt skøytemiljø på Fister resulterte i to NM-gull (1979-1980) og deltaking i to VM i kortbaneløp (1975-76) for Jostein Staurland. Alle desse meisterskapa var rett nok uoffisielle, men VM er VM, og NM-gull er NM-gull - også om heile sporten bokstaveleg talt blei lagt på is her i landet året etterpå på grunn av lita deltaking. Ein annan VM-deltakar frå Hjelmeland var syklisten Håvard Nybø som var med i landevegsrittet i 2009, og som gjekk til topps i Rogaland GP same år. 

Utover dette har det blitt med eitt og anna kretsmeisterskap til idrettslaga i Hjelmeland, mellom anna i 1979, då fotballaget i Årdal tok meisterskapet i 7. divisjon. Dessutan gjorde Fister det så bra i volleyball rundt 1990 at dei nesten rykka opp i 2. divisjon.

Det var altså eit sjeldant idrettshistorisk høgdepunkt for hjelmelandsbuen me såg i Mora i dag, og neste år blir det endå betre. For då er Audun Laugaland bitte litt sterkare og held heilt inn.