lørdag 23. november 2013

Bingo?!

Det er cupfinaletid. I dag vann Stabæk damefinalen, og i morgon møtes Rosenborg og Molde til årets store fotballfest på Ullevål stadion. Kampen blir sendt på NRK, med Arne Scheie som kommentator for aller siste gong. Han gir seg visstnok som fotballkommentator, og i samband med det blei han intervjua i Morgennytt.

Eit naturleg spørsmål var kva han trudde om den føreståande kampen. Scheie rekna med at det ville bli ein god og jamn kamp, og han håpte at det ikkje ville enda med straffesparkkonkurranse. For, som han sa: "Straffesparkkonkurranse er bingo."

Men er det verkeleg det? Eg var sjølv veldig skeptisk til å avgjera viktige kampar, som t.d. internasjonale finalar, på den måten, men no ser eg litt annleis på saka.

Fotball handlar om å få ballen i mål flest gonger, og når ingen av laga er flinkare enn det andre til det i løpet av den tilmålte tida, er det berre rett og rimeleg å sjå kven som er flinkast under lettare føresetnader: Kort avstand og ingen plagsomme forsvarsspelarar. Er dette bingo? Nei, sjølvsagt er det ikkje det. Me snakkar om grovt overbetalte jyplingar som bruker heile den korte arbeidstida si på å trena på nettopp dette: å få ballen i mål. Og då må ein forventa at dei greier nettopp det på 11 meters hald med nesten tomt mål. Det skal ikkje vera eit spørsmål om flaks.

Ein straffebom er resultatet av eitt av to: Anten er det ein dyktig keeper, eller så er det ein udyktig straffeskyttar. Det er ikkje uflaks. Straffeskytarar som kallar seg toppidrettsutøvarar kan rett og slett ikkje skulda på slikt med mindre dei sklir på det blaute, glatte graset eller skolissa går opp i det dei skyt - og det skjer veldig sjeldan. Dessutan høyrer det med til stillingsbeskrivelsen deira å sjekka skolissa.

Ein periode hadde ein eit velmeint forsøk med golden goal, eller "fyrste målet vinn", som me kalte det heime i Årdal på 80-talet. Tanken var god, men ikkje så realistisk, viste det seg. Etter 120 minutter var beina møre og angsten for baklengsmål større enn lysta til å skåra sjølv, så det enda gjerne slik det hadde gjort så mange gonger før:

Straffekonkurranse for å sjå kven som var flinkast til det enkle. Eg har kome fram til at det er det beste og mest rettferdige. Fotball handlar trass alt om éin ting: Å sparka ballen i mål.


1 kommentar:

  1. I utgangspunktet enig. Minuset med straffekonk er vel at du gjerne får én syndebukk som får bære tapet på sine skuldre. Det kan du selvfølgelig også få ved f.eks. en gedigen keepertabbe innenfor normaltid, mens spisser som bommer på åpent mål ikke får like mye tyn. Som en som spiller keeper selv, finner jeg dette noe urettferdig :-)

    SvarSlett