onsdag 23. oktober 2013

Reiserute

Snefrid hadde eit ærend på Tunga i Trondheim, og derfor kika me på korleis det var å koma seg dit med buss frå Risvollan. Til å hjelpa oss hadde me busselskapet AtB sin utmerka reiseplanleggar på nettet.

Me tasta inn avreisestad og reisemål og fekk opp ei lang liste med avgangar. Det viste seg slett ikkje å vera noko problem å bussa denne strekninga, om enn ikkje alle forslaga var like freistande. Eg oppdaga til dømes dette ganske kreative forslaget:

Ta buss 8 frå Risvollan kl. 23.51 og gå av på Samfundet. Der må du venta i 13 minutter på buss nummer 5 som kjører deg til Østre Berg. Dit kjem du klokka 00.25, altså 34 minutt etter at reisa starta.

Så må du venta igjen. På Østre Berg. I fire timar og 25 minutt. Eg håper det er busskur med tak på Østre Berg.

Klokka ti på fem - 04.50 - kjem endeleg buss 94 og fraktar deg til iskremfabrikken, noko som tar fem minutt. Då kan det tenkast at du angrar på at du ikkje like greit tok beina fatt då du kom til Østre Berg, for ikkje å seia då du gjekk på bussen på Risvollan. 

Mellom Risvollan og Tunga er det ca. 5,5 km langs den kortaste vegen. Stipulert reisetid: fem timar og fire minutt.

AtB skal få eit lite gratisråd av meg: Programmer reiseplanleggaren slik at ruter som får eit opphald på over t.d. 20 minutt blir filtrert vekk. Det ser liksom ikkje så innbydande ut når ein busstur i byen tar lengre tid enn ein sykkeltur til Oppdal.