tirsdag 24. september 2013

Det var Viking her, og det var Viking der...

For snart 25 år sidan var eg på cupfinale i handball i Storhallen i Stavanger. Dette var på den tida Stavanger kjempa med Grenlandsområdet om å vera navlen i Handballnorge. Stavanger IF var nok det beste laget i landet det året, men akkurat denne kvelden blei dei slått av byrivalen Viking, som dermed tok sitt fyrste handballmeisterskap.

Sidan blei det fleire meisterskap på både SIF og Viking før lufta gjekk ut av Stavangerhandballen. Då fusjonerte dei to klubbane under namnet Viking Håndball, og sidan har det vore bob-bob. I fjor rykka laget ned frå eliteserien, og speler altså no i 1. divisjon, der det var sesongopning i helga.

Viking opna sesongen på bortebane, i Bergen. Mot Viking. Det var altså Viking mot Viking, eller rettare Viking TIF mot Viking Håndball, eller som det heitte på tekst-tv: Viking (Ber) - Viking (Sta). For å gjera forvirringa endå litt større: Viking (Ber) har blå trøyer og kvite bukser, ikkje ulikt Norges beste fotballag, Viking FK - i Stavanger.

Det er langt i frå fyrste gong at norske lag møter seg sjølv i døra på denne måten. I 1915 møttest Kvik (Halden) og Kvik (Trondheim) i semifinalen i fotballcupen, og sju år seinare møttest dei igjen i kvartfinalen. Haldensarane vann forøvrig begge oppgjera. Dessuten var det fleire møte opp gjennom åra mellom S&FK Lyn frå Oslo og Lyn frå Gjøvik til dess den siste klubben endra namnet til Gjøvik/Lyn etter den 2. verdskrigen. I tillegg har det vore brukbare Ørn-klubbar både i Trondheim og Horten utan at eg veit sikkert om dei har spelt mot kvarandre nokon gong. Ikkje minst bør det nemnast at Rosenborg heiter Rosenborg fordi dei ikkje fekk lov til å heita Odd. Det var (og er) nemleg namnet til Skiensklubben som var nærast einerådande på den tida RBK blei stifta.

Men tilbake til Viking - Viking. Eg reknar med at det var god stemning og at samtlege Vikingspelarar - såvel på heimelaget som på bortelaget - følte at kampsongane og heiaropa på tribunen varma. Til slutt enda det med åttemålssiger til Viking, og dermed ligg Viking både øvst og nedst på tabellen etter ein serierunde. Og nettopp det er kanskje rekord i norsk idrett.

Heia Viking!