mandag 3. september 2012

Mot alle odds

I går gjekk den fyrste utgåva av turrittet Trondheimsrittet av stapelen. Omlag 260 syklistar starta på Brattøra og ga seg i kast med stigninga frå Ila til Skistua. Totalt 11,5 km, dei siste 7,8 i motbakke med rundt 420 høgdemeter. For underteikna blei det ein etterlengta opptur etter eit par trasige år på sykkelsetet, men det var - som tittelen ovanfor seier - mot alle odds. 

For godt og vel 3 veker sidan fekk eg vondt i ryggen, og dermed blei det lite sykling fram til onsdag i sist veke. Då var det full stopp. Fysioterapeuten konkluderte med at ei skive nede i ryggen var ustabil, og at eg burde sitta minst mogleg. "Og," la ha til, "hugs at du sit når du syklar." Kort sagt: Sykkelforbod. Eg melde meg likevel på rittet. Ein kan jo alltid håpa.

Torsdag satsa eg på alternativ trening: Power walking - eller på norsk: hurtig gange - i éin time. Dette er noko muskulaturen svært sjeldan opplever, og dermed var eg knapt i stand til å gå eller stå fredag og laurdag. Det positive var at ryggen blei stadig betre.

Så kom søndag, og både rygg, lår og rumpe kjendest ut som dei burde tåla 2-3 mil på sykkelen. (Eg måtte jo også til start og heim igjen etterpå.) Starten gjekk klokka 14, og klokka 12.45 var eg ferdig påkledd og klar til å dra. Klokka 12.50 starta eit migreneanfall. "Er det mogleg?" tenkte eg og stappa inn to magnesiumpiller.

Eg har oppdaga at magnesium har ein god effekt mot migrenen, og det føltes som anfallet avtok. Dermed trilla eg avgarde mot Brattøra under mottoet "me får korleis det går". Det var ingen grunn til stor optimisme, men klokka 14 stod eg på startstreken. Eg kjende det riktignok litt i hovudet, men mest i rumpa. I venstre rumpeball når eg trødde med venstre fot, og ditto på høgre side.

Arrangøren hadde drista seg til å lova folkeliv langs løypa, og innbyggjarane på Byåsen heldt løftet deira. Det var bra med mental støtte å få oppover, om ikkje alt var like inderleg meint. I bratthenget under Skistua hadde eg ein fyr på bakhjulet. "Heia, heia! Stå på!" ropa nokre tilskodarar til meg, og i det eg hadde sykla forbi ropa dei til han bak meg: "Heia, heia! Heng deg på han - han såg trøtt ut!". Takk. Tusen takk, kjære heiagjeng... 

Etter tre kvarter stod eg på Skistua etter å ha kjørt Ila-Skistua med migrene innabords, støl muskulatur og sykkelforbod frå fysioterapeuten. Og tida, 32.09, er kanskje den beste eg har prestert i den løypa.

Det må kallast opptur.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar