mandag 27. august 2012

Ein fin kveld for fotball

Det var ein fin kveld for fotball på Lerkendal stadion i går. Viking - "de kjære mørkeblå" - kom med fem strake sigrar i bagasjen, og den trønderske augustsola gjorde at det ikkje blei bikkjekaldt før etter 20 minutter. Rosenborg hadde òg brukbare resultat i det siste, men med fleire nye spelarar var det jo grunn til både å tru og håpa at laget ikkje var samkjørt ennå.

Eg var der saman med ein onklunge etter å ha fått billettane i gåve frå studentane på sommarkurset i norsk for utanlandske studentar. Dei hadde oppfatta kor fotballsympatiane og -antipatiane mine låg etter diskrete hint skjult i ulike grammatikkoppgåver, som t.d. "I dag er det en fotballkamp som Rosenborg sikkert taper" og "Viking vinner alltid mot Rosenborg". I det heile var dei spesielt gløgge studentane i år...

Eg er ganske sjeldan på Lerkendal, og det ser ut til å gjelda stadig fleire. Det var skremmande tomt på tribunen med tanke på at det var to lag i medaljekampen som møttes, at Rosenborg har prestert bra i det siste, og at heimelaget hadde fleire nye spelarar på banen. Offisielt var det i overkant av 12000 tilskodarar, men det er inkludert sesongkort. I realiteten var det mange færre. Dessutan laga dei som var der, mykje mindre lyd og liv enn før. Det var så å seia heilt stille, til og med frå den harde Kjernen.

Berre éin gong var det lidenkap å spora, og det var før kampen. Då stod dei der, trønderane, med sine svarte og kvite skjerf over hovudet og sang med på Åge Aleksandersen sin ultimate hyllest til Trøndelag: Eit bilde tå'n Ivers. Det ser ut som den songen har blitt Rosenborgs svar på Liverpools You'll never walk alone. Det var nesten like før eg, som den halvblods trønderen eg er, blei rørt. 

Det finst mange svake menneske, og eitt av dei sat ved sida av meg. Nei, eg snakkar ikkje om onklungen, men om konvertitten midt i 20-åra som sat på den andre sida. For fleire år sidan var eg på tilsvarande kamp med ein annan konvertitt: Ein tidlegare Vikingfan som hadde falle ned i Rosenborgeriet. Men han var austlending, og då var det liksom greitt - dei veit ikkje betre. Denne derimot var rogalending, truleg frå Sandnes-området! Nå kan det tenkast at kjærasten hans var trønder, og at det var grunnen til denne snodige livshaldninga. Det er greitt at kjærleik gjer blind, men ærleg talt.

Skulle eg liksom gå hen å bli Kvik Halden-supportar? (Eg var forresten det ein onsdag i sommar då Kvik møtte Rosenborg i cupen, men det er ei anna sak.)

Den obligatoriske stadionidioten var der sjølvsagt òg med sine Per Sandbergske løysingar på korleis ting eigentleg skulle ha blitt gjort nede på grasmatta. Det er underleg at ikkje slike menneske bruker den overutvikla fotballforståinga, det taktiske talentet og røntgensynet dei har til noko meir enn tribunebråk i ordets mest konkrete tyding. Dei kunne for eksempel ha prøvde seg som fotballspelarar eller dommarar. Stort sett er det berre irriterande, men av og til litt festleg òg. "Men så sjå til å sætt fart da!" brølte han då Rosenborg underleg nok braut eit Viking-angrep. Då Viking tok ballen tilbake, fulgte han opp med: "Ainner vein!"

Gåva frå studentane var plettfri til 93 minutt og 40 sekunder ut i kampen. Då leidde me 1-0 og det var i ferd med å bli endå betre plass rundt oss på tribunen. Men forskjellen mellom Rosenborg og alle andre norske lag dei siste 20 åra har vore at Troillongan speler til kampen faktisk er slutt. Eg meiner: Annullér alle måla Rosenborg har skårt etter 88 minutt (inkludert overtida) sidan 1992 og sjå kor mange seriemeisterskap du står igjen med. Og i går var det lagt til 4 minutt, og dermed blei det 1-1. 

Det var liksom ikkje så uventa, men minst like surt for det. Eg sa nokre ord som ikkje inngjekk i fadderløftet til onklungen og ga Lerkendal stadion eit lite spark på tribuneleggen. Rundt oss hoja og klappa dei vankunnige som om kvelden var redda. 

Det var han ikkje. For som sagt: Det var ein fin kveld for fotball på Lerkendal stadion i går...