mandag 16. juli 2012

Historia om Olava Marie

Etter å ha fått bra oversikt over slekta mi, har me no gått laus på slekta til Snefrid. Dessverre er slekta hennar av det meir urbane slaget, og derfor kan me ikkje støtta oss på bygdebøker som i bondeslekta mi. Dermed er kyrkjebøker og folketellingar på nettet så å seia dei einaste kildene me har, og der tar det tid å finna fram. Ein kan sitja lenge og leita utan å finna dåpen, vigsla eller gravferda ein leitar etter, og ofte endar det resultatlaust. Men av og til finn ein så mange spor etter ein person at ein kan danna seg eit lite bilete av livet og tida hans eller hennar. Slik tilfellet er med Olava Marie.

Olava Marie blei fødd den 18. januar 1828 på Prestegarden i Borre i Vestfold som dotter av skulehaldar Borger Olsen og Maren Pedersdtr. Då ho var berre fem år, døydde Borger. Mora gifta seg ikkje opp att, så Olava Marie, storebroren Johan Anton og veslesøstera Petronelle vaks opp utan far. I 1849 gifta ho seg med den sju år eldre sjømannen Rasmus Christian Christophersen, som òg var frå Borre. Dei busette seg (truleg) på garden Falkensten, og berre fire månader etter bryllaupet fekk dei sitt fyrste barn, Christian. Så fekk dei tre barn til før Rasmus døydde i april 1862, og to og ein halv månad seinare blei den siste sonen deira, Bernhard, fødd.

Olava Marie var no 34 år, enke og aleineforsørgar for fem. I folketellinga for 1865 står ho oppført som sjølveigar under Prestegarden. Der dyrkar ho poteter, men ho er òg avhengig av hjelp frå fattigvesenet. Truleg hjelper det òg at eldstemann, som no er 16 år, har blitt sjømann.

Så snudde lukka. I 1873 gifta ho seg igjen, denne gongen med den 11 år yngre stavernmannen Niels Jacob Nielsen som var formann på Aker verksted. Dermed tok ho med seg i det minste nokre av barna og flytta til Oslo. Olava Marie og Niels Jacob fekk ingen barn, men dei levde (lukkeleg?) saman til ho døydde av "hjernesjukdom" 1. juledag 1882, nær 55 år gammal.

Snaue tre månader seinare gifta yngstesonen Bernhard seg med si Mathilde Pauline. Han var no mekanikar på Aker, og saman fekk dei 10 barn og minst 24 barnebarn. Utan å vita det, blei han mange år seinare også min svigertippoldefar.