søndag 17. mars 2024

Av fulle folk

Av born og fulle folk får ein høyra sanninga, heiter det. Vel, om dei ikkje alltid serverer oss sanninga, kan dei vera ganske frittalande - også i samanhengar der folk flest føretrekk å halda ein så låg profil som mogleg. Som til dømes på bussen.

For ei tid sidan kom eg over ein tekst eg må ha skrive då eg nettopp hadde flytta til Stavanger for å studera hausten 1991. Det er ei heilt sann skildring av ein i utgangspunktet heilt vanleg busstur inn til sentrum ein kvardagsmorgon. Heilt vanleg blei han derimot ikkje, for det kom ein full mann med meiningar om bord. Her er teksten, lett omarbeidd.

Frå vindaugsplassen såg eg mannen som stod og sjangla på busstoppen utanfor Siddishallen. Synet av halvlangt hår, utsliten dongerijakke og halvtom flaske ga fritt leide for fordommar av alle slag, og eg målte anitpatiane mot stakkaren mens bussen svingde til sides og stoppa. Eg konkluderte med at det var greitt at han kom om bord, men han trong ikkje nettopp setja seg ved sida av meg.

Det gjorde han ikkje. Han kika seg litt rundt før han sette seg på ein vindaugsplass mot kjøreretninga, to rader føre meg. Han tok eit raskt blikk rundt på oss. Me prøvde å ikkje sjå på han. Han rista på hovudet. Så begynte han å snakka. Stemmen var klar og stødig og nådde utan problem til dei bakerste setene. Han sa:

- Fy faen så seriøse alle er her! Ingen som ler. Ingen som smiler. Ingen som snakkar saman. Bussen er søren meg den mest usosiale plassen på jorda. Men det er ikkje meint slik. Ein skal hyggja seg på bussen. Sjå, her sit de to og to og berre ser på kvarandre, ingen seier noko. Alle sit bare og ser på dei andre og tenkjer: "Kor skal han? Går ho på skulen? Han hadde seg nok ein rangel i år." Men snakka saman, nei, det er det ingen som gjer.

- De har jo ei rekkje ting felles, sa han til jenta som sat rett imot han. Du har blå bukse, ho har blå bukse. Han har joggesko, sa han og peika på ein gut tvers over midtgangen, og det har ho òg. Eg er gammal, men du er ikkje gammal, og det er heller ikkje ho på sida av deg. Noko må de jo ha å snakka om - nokre felles interesser, handball, fotball, bilcross eller felles venner. 

Jenta kika brydd utover Mosvatnet. Han fortsette. 

- Heile gjengen sit berre og stirrar på kvarandre. De skal vel på jobben eller skulen og har ikkje tid til å snakka. No sit de her og berre ser på meg fordi eg bryt tausheita. Ja, du der i den blå lua òg. Eg såg det med ein gong. Du treng ikkje snu deg vekk og lata som ingenting. 

Bestemora i blå lue studerte intest Texaco-stasjonen me kjørte forbi, mens mannen tok ein kort kunstpause. Han fekk auge på to som søv.

- Dei to som søv der er sikkert kompisar, slår han fast. Hadde seg nok ein skikkeleg rangel i går. Hei! Du som søv der - du jobbar vel i kommunen, du? Ikkje det, nei. Kjem du for seint på jobben no, kanskje? Ikkje det heller, nei. Men han andre som søv der - er det kompisen din? Å nei. Han skal vel kanskje av her, forresten. Best å vekkja han, ein veit jo aldri. Som sagt så gjort. På veg inn i rundkjøringa til motorvegen dulta han borti den sovande mannen.

- Å, så du har kontroll på kor du er. Deg har eg forresten truffe før, ikkje sant? Det var det eg visste.

No vende han seg på ny til jenta som sat ovanfor han. 

- Er det meg du synes er løyen sidan du ler? Du går vel på skulen, du? Kva skule då? På naturfaglina? Sånt om plantar og dyr og sånt? Sei meg, kva heiter den hekken rundt huset der, då? Enn det treet der? Nei, ikkje der - det er ein lyktestolpe, det. Det treet der. Veit du ikkje dét heller? Kva er det de lærer på skulen? Men du veit vel kva tre som står i midtrabatten her. Ikkje? Det gjer eg. Det er lønn.

Me var komne til rundkjøringa i Kannik, og mannen gjekk gradvis over frå filosofiske betraktningar til meir praktiske utfordringar. 

- Nei, noko så usosialt! Eg seier det, eg, at det er mykje merkeleg her i verda. Det var då forresten som bare faen med den flaska. Er det ingen som har ein lommekniv med korketrekkjar?

Det var det ingen som hadde. Det var i alle fall ingen som sa noko. Ikkje eg heller. Dessutan skulle eg av ved jernbanen, på holdeplassen rett ovanfor polet, og kniv hadde eg jo uansett ikkje. Det siste eg høyrde då eg gjekk ut, var eit hjartesukk:

- Eg skulle så gjerne hatt meg eit glas vin. Må vel få lov til det?

Bussdøra gjekk igjen bak meg. Ute var det klarvêr og litt kaldt, og bussar dura overalt.



onsdag 6. mars 2024

Svalbardpengar

Det er alltid artig når ein snublar over kuriositetar ein ikkje viste fantest. For ei tid sidan kom eg over ein slik i eit blad om antikvitetar: nokon annonserte ein 5-kroners setel frå Svalbard til sals. Ikkje visste eg at Svalbard hadde hatt eigne pengar - og det så seint som i 1979. Den måtte eg ha! Nokre dagar seinare kom setelen i postkassa, og då var det tid for å finna ut kva dette eigentleg var.

Frå begynnelsen på 1900-talet var kolgruvedrift sjølve livsgrunnlaget på Svalbard, både i dei norske busetjingane og i den russiske byen Barentsburg. I 1916 kjøpte den norske stat opp det amerikanske selskapet Arctic Coal Company og oppretta Store Norske Spitzbergen Kullkompani, vanlegvis kalla Store Norske. Det statlege kolkompaniet blei raskt sjølve bærebjelken i det norske samfunnet på Svalbard og hadde omtrent 700 tilsette på midten av 1960-talet, eit tal som gradvis avtok dei neste tiåra.

Alt frå starten i 1916 utbetalte Store Norske løna i  betalingsmerke for tilgodehavende lønn i staden for i norske kroner, ein praksis som ikkje var uvanleg blant gruveselskap. I Barentsburg hadde ein til dømes eigne "Svalbard-rublar" trykte av det statlege gruveselskapet Trust Articugol, som dreiv der. Ein grunn til denne praksisen var at gruvesamfunnet ute i havet var isolert frå fastlandet, noko som gjorde tilgangen på kontantar til lønsutbetalingar og handel vanskeleg. Då var det like greitt å trykkja pengane sjølv. Etter kvart blei betalingsmerka frå Store Norske kalla Svalbardpengar på folkemunne sidan det ikkje var andre pengar i omløp på øygruppa. 

Svalbardpengane tente mellom anna som betalingsmiddel når svalbardianarane skulle handla daglegvarer i den einaste butikken i Longyearbyen, ein butikk som sjølvsagt var eigd av Store Norske. Når ein av dei gruvetilsette flytta frå Svalbard, blei ubrukte kontantar veksla inn i norsk valuta. "Ubenyttede betalingsmerker blir ved inhendehaverens avreise fra Spitsbergen å tilbakelevere til kontoret mot beløpets godskriving i lønnsoppgjør", står det på setelen min.

Betalingsmerka blei utstedt i ei rekke ulike valørar gjennom åra: 10, 25 og 50 øre, 1 krone, 5 kroner, 10 kroner, 50 kroner, 100 kroner, 500 kroner og 1000 kroner. I dag er desse verd frå 200 og opp til 15 000 kroner, ifylgje Riibe mynthandel. Størst verdi har 10 kronesetelen frå 1966, som blei trykt i eit lite opplag. På det tidspunktet var det for øvrig rundt 2 000 000 "svalbardkroner" i sirkulasjon, ifylgje selskapet si årsberetning frå 1966/67. 

Svalbardpengane var i utgangspunktet berre gyldige i det året dei kom ut. Dermed måtte "gamle" setlar  tas ut som løn i norske pengar kvart år. Denne regelen blei oppheva i 1957, og frå då hadde setlane uavgrensa gyldigheit. Svalbardøkonomien vaks stadig, og i 1977 trykte Store Norske ikkje mindre en 6,2 millionar kroner i Svalbardpengar på eitt år. Norges Bank var derimot negativ til denne praksisen, og i 1979 blei det vedtatt at ordninga med betalingsmerke skulle avviklast med verknad frå 1. januar 1980. 5-kronesetelen min er frå 1978 og tilhøyrer dermed ein av dei siste årgangane med svalbardpengar trykt av Store Norske Spitzbergen Kullkompani.




Kjelder:
Arkivverket: Samfunnsbygging på Svalbard (besøkt 6.3.2024)
Riibe mynthandel: Store Norske - sedler (besøkt 6.3.2024)
Samlerhusbloggen: Svalbardsedler og deres historie (besøkt 6.3.2024)
Statistisk sentralbyrå: Svalbards bristende hjerte (besøkt 6.3.2024)
Store Norske Spitzbergen Kullkompani: 100 års erfaring med industriell virksomhet i Arktis (besøkt 6.3.2024)
Visit Svalbard: Svalbardpenger (besøkt 6.3.2024)
Morten Søberg: Svalbard! Pengar! Spartacus forlag, 2022.



mandag 1. januar 2024

Nytt år og ny kalender

For nokre år sidan oppdaga me eit spørjeprogram som går dagleg vinterstid på den tyske TV-kanalen Das Erste. Det er eit litt annleis spørjeprogram der spørsmåla ikkje er henta ifrå det folk flest går rundt og veit. Det kan vera om parringsritual til ein papegøyeart i Amazonas, opphavet til ord og uttrykk, pussige hendingar som har skapt kuriøse overskrifter rundt i verda eller kva du kan laga av ein tannstikkar, ein limtube og eit bilhjul. Det er alltid tre svaralternativ, for kven går vel rundt og veit slikt? Og nettopp dét er namnet på programmet: Wer weiß denn sowas? 

Under ein tur i Tyskland i 2020 oppdaga me at TV-programmet òg har sin eigen bordkalender. Eitt spørsmål kvar dag måndag - fredag og eitt for helga. Det måtte me jo ha. Dagens spørsmål blei raskt ein middagstradisjon, sidan det er artig å diskutera spørmåla, i tillegg til at det er god språktrening sidan det alltid er ei forklaring til svaret. Då året var slutt, måtte me jo ha den for 2021. Og deretter ... Kort fortalt: I går kom me i mål med vår fjerde WWDS-kalender med rett svar på eit spørsmål om året 2100. (Svaret var at det ikkje er skotår.) Og i dag innvia me kalender nummer fem med eit spørsmål i kategorien "?":

"I Want to Break Freeze", "Gritney Spears" og "Hansel og Grit-All" er ...?

A) iskvalitetar i kunstløp

B) namn på klimaanlegg

C) namn på skotske brøytebilar 

Ja, wer weiß denn sowas? Vel, me svarte faktisk rett på dette spørsmålet, men me må med skam melda at fire år med quiz-kalender ikkje har gjort oss så mykje klokare. Etter omtrent 1200 spørsmål hugsar me ei handfull svar – i beste fall! Som regel har me gløymt gårsdagens svar – og spørsmål –  når me skal bla om. Men eg sit i alle fall igjen med litt potensielt livbergande kunnskap, som at Eiffeltårnet strekk seg 30 cm på ein sommarsdag (for å krympa igjen om natta), og at tyske ord i gjennomsnitt har 6,09 boksatavar.

Godt nytt år!

Og forresten: Svaret på spørsmålet over er C. "I want to break freeze" er namnet på ein skotsk brøytebil!

søndag 17. desember 2023

Han med straffen

For ei veke sidan blei fotballsesongen 2023 avslutta med kvalifiseringskamp mellom Vålerenga og Kristiansund, som blei avgjord på straffesparkkonkurranse. Begge laga leverte gode straffar, og åtte av ni gjekk i mål. Dei fleste var godt plassert nede ved stolperota, anten til høgre eller til venstre for keeper - akkurat som eg skulle ha gjort det sjølv. Eller rettare: Akkurat slik eg pleidde å gjera det sjølv då eg spelte på smågutelaget heime i Årdal.

Eg var absolutt ikkje nokon bærebjelke for laget. Tvert om. Eg var liten og sped og dermed mykje - kanskje mest - reserve. Men eg hadde éin spisskompetanse: straffespark. Eg fylgde same oppskrift kvar gong og plasserte ballen heilt inne ved ein av stolpane. Gjerne slik at han toucha borti stolpen. På den tida spelte alle med vaksen-mål, og då var slike straffar utakbare for halvannan meter høge målmenn.

Eg hadde nok ikkje 100 % utteljing, men det var jammen ikkje langt ifrå. Så kom den skjebnetunge heimekampen mot Tjensvoll frå Stavanger.

Formen var god. Eg hadde spelt bra i friminutt-kampen på skulen tidlegare på dagen og bøtta inn mål, og derfor var det litt irriteranda å stå på sidelinja. Det blei ikkje betre av at kompisane mine ute på banen valsa over bygutane og sette inn den eine skåringa etter den andre. Om eg hugsar rett, enda det med omtrent 8-1. 

Til slutt slapp eg òg til. På det tidspunktet leidde me vel med fem-seks mål, så det var ingen grunn til høge skuldrar. No skulle det skårast!

Eg hadde vel så vidt kome inn på banen då me fekk straffe. Det var Øyvind som pleidde å ta straffane i kamp, men no ropte trenar Jarl frå sidelina at eg skulle ta han. No skulle det verkeleg skårast!

Eg plukka opp ballen og la han på 11-metersmerket. Mens eg gjorde det, kom ein av lagkameratane bortom og ga meg eit råd: "Sjå keeperen i augene, så ser han ikkje kva side du skyt til." Det var velmeint, men generelt er det ingen grunn til å gi nye råd til folk som har bortimot 100 % suksessrate på det dei skal gjera. Men å fylgja det same rådet, er direkte idiotisk. Eg kasta alle rutinar på sjøen, og flytta fokuset frå ballen og stolperota til keeperen. Det gjekk som det måtte.

Eg sparka nedi bakken så grastustene fauk. Ballen derimot, trilla sakte og pynteleg mot det eg jo hadde sikta på: keeperen, som bøygde seg ned og plukka han opp. 

Dette skulle visa seg å få tre varige konsekvensar. For det fyrste fekk eg ei mental sperre som gjorde at eg faktisk mista teken på å ta straffar. For det andre blei eg minna om dette me ujamne mellomrom av storebroren min, som uheldigvis stod på sidelina, til eg blei vaksen. Kvar gong eg sa noko om at ein straffe på TV var dårleg, kom det eit "eg har no sett andre ta dårlegare straffe". Det hjalp ikkje ein gong at han sjølv laga sjølvmål på A-laget. Og kva er verst: sjølvmål eller straffebom?

Den tredje konsekvensen merka eg eit halvår seinare. På hausten skulle me spela returoppgjer i byen, og det var då eg høyrde det frå ein av Tjensvoll-spelarane under oppvarminga: "Der er han med straffen!" Eg var blitt kjendis ...


søndag 19. november 2023

Gullfisken Lenes korte, men eventyrlege liv

Eg driv og ryddar for tida og kvittar meg med ting eg ikkje bruker lenger. I dag fann eg fram gullfiskbollen som har stått tom i 23 år, og gjorde han klar for sal på Finn. Og då måtte eg jo tenka på Lene.

Våren 1999 var eg student i Kristiansand og budde i ein triveleg studenthybel på 25 kvadrat i bydelen Lund. Det var ikkje lov med husdyr i hybelhuset, men ein dag fekk eg eit innfall: Kva med ein gullfisk i ein bolle? Som tenkt, så kjøpt. Det vil seia: det blei to gullfiskar i ein bolle. Dama i butikken meinte nemleg at det kunne vera kjekt med selskap i bollen.

Mens eg rigga til "akvariet" mitt med planter og det som høyrde til, gjekk det ein song med gruppa Aqua på radioen i bakgrunnen, og dermed hadde fiskane fått namn: Aqua og Lene. Den fyrste etter gruppa, den andre etter vokalisten.

Både Aqua og Lene var slørhale-fiskar. Det var best å ha to av same type, blei eg fortalt. Men Lene skulle snart visa seg å vera ein tøffing på line med ein kampfisk, og ho var ikkje udelt einig med dama i dyrebutikken i at ein sju-liters gullfiskbolle var stor nok for to. Det tok vel berre nokre få veker før ho hadde rydda kompisen av vegen og Aqua drog på leir med Doffen frå reklamen for å ta vare på seg sjølv.

Ein ny sambuar med namn Willoch flytta inn, men også han blei altfor snart offer for Lene sin trong til å ha bollen - og ikkje minst maten - for seg sjølv. Dermed blei det feriekoloni på han òg.

Men no hende det noko. Lene blei sjuk. Veldig sjuk. Ho åt ikkje og blei slappare og slappare, og etter ei vekes tid såg eg at dette nok ikkje kom til å enda bra. Men Lene var som sagt ein tøffing, og ho kom seg gjennom uføret og blei frisk igjen. Frisk som ein fisk, rett og slett. Eg var altså student på denne tida, og ein av medstudentane mine var namnesyster med gullfisken min. Dagen etter at gullfisk-Lene hadde kvikna til, fortalde student-Lene at ho hadde vore skikkeleg dårleg dei siste dagane - slapp og utan matlyst.

Det var då eg forstod at gullfisk-Lene ikkje berre var ein tøffing. Ho var ein voodoo-fisk!

No starta eit omflakkande liv for Lene. (Gullfisk-Lene, altså - student-Lene er ute av historia.) Mange vil nok hevda at det er vanskeleg å ha eit omflakkande liv i ein gullfiskbolle, men det hadde altså Lene. Studieåret i Kristiansand tok nemleg slutt, og eg tok med meg fisk og bolle heim til Ryfylke. Der tilbrakte Lene sommaren på feriekoloni (ikkje den same som Aqua og Willoch) på skjenken til mor og far. Åleine. Eg gjer ikkje den same feilen tre gonger. Etter to månader gjekk turen vidare med bil til Trondheim, der eg skulle busetta meg.

Hundar får vanlegvis plass bak i bilen. Lene sat framme. Ho heldt til i eit Norgesglas med lok på golvet på passasjersida. Med jamne mellomrom tok eg pausar og skrudde av loket for å gi Lene litt ny luft mens eg åt eller strakk på beina, og slik suste Lene gjennom Ryfylke og Hardanger, over Hardangervidda og nedre del av Gudbrandsdalen til me kom til onkel og tante på Fåvang. Der overnatta me, og Lene blei foreviga med onkel sitt videokamera før me reiste vidare over Dovre og til Trøndelag neste dag. Lene fekk altså sett meir av Noreg enn gullfiskar flest.

Den nye leiligheita i Trondheim var dessverre dårleg eigna som opphaldstad for både Lene og meg, mørkt og fuktig, som det var. Når Lene sin bolle stod i vindauget, blei det for mykje lys og algeoppblomstring, men når eg flytta han vekk frå vindauget, blei det for lite lys. Det gjekk som det måtte, og ein haustmorgon svømde Lene på ryggen. Ho blei gravlagd i ei passe lita fyrstikkeske nedanfor Theisendammen på Byåsen, eit drygt halvår gamal. (Eg har for øvrig ikkje høyrt noko frå student-Lene heller etterpå. Me får tru at gullfisk-Lene si voodoo-kraft hadde kort rekkjevidde.)

Eg flytta ut frå leiligheita og fekk meg ny sambuar - denne gongen eit menneske - og etter ei lita stund fekk bollen nye bebuarar igjen: Prikken og Gonzales. Sistnemnde var oppkalla etter Speedy Gonzales fordi han stort sett suste rundt i bollen som ein virvelvind. Ingen av desse blei særleg gamle, dessverre, men Prikken blei yngst. 

Gonzales såg ut til å ta tapet med fatning. Han var rett nok noko mindre virvelvindaktig, men det kunne jo berre skuldast at han hadde blitt vaksen. Uansett prøvde me å underhalda han, blant anna ved å kasta ein raud ball på utsida av bollen. Dette vekte interessen hans, og han bevegde seg opp og ned i vatnet i takt med ballen. Slik lot han seg underhalda to gonger, men den tredje gongen var det ingen reaksjon. Me prøvde igjen nokre dagar seinare, men nei. Han var lei av triksa våre. Det var som Ole I'Dole syng: "Det går én gang, kanskje fire, men aldri fem." Og dermed var myten om at gullfiskane berre hugsar i tre sekund grundig tilbakevist.

Då Gonzales òg la på ryggsvøm, blei det ikkje fleire gullfiskar i bollen, og sidan har han altså stått nedpakka med ymse stæsj i over tjue år. I arbeidet med dette innlegget oppdaga eg til mi store overrasking at eg berre har eitt bilete av fisk i bollen - og det i svart-kvitt! Men gullfisk gjer seg best i fargar, og dermed lot eg kunstig intelligens på nettet fargelegga biletet. Det gjekk høveleg bra, bortsett frå at dei grøne (!) plantene ser steindaude ut. 

Slik såg dei ut, Gonzales og Prikken. Gonzales er til høgre og Prikken til venstre. Eller omvendt.



søndag 5. november 2023

I bestemor si levetid

Bestemor, Marit Heggvold, blei fødd på Kvål i Melhus i 1904 og blei 78 ½ år gammal. Då ho blei fødd, heitte kongen Oscar 2 og snakka svensk. Bestemor var litt over eitt år gammal då unionen blei oppløyst og Norge endeleg blei ein sjølvstendig stat. Deretter kom store og små hendingar i historia som perler på ei snor gjennom livet hennar.

I 1911 vann Roald Amundsen kappløpet til Sydpolen, og året etter fann den fyrste flyturen her til lands stad mellom Borre og Fredrikstad. Viktigare var det at kvinner fekk stemmerett i 1913, og eitt år seinare braut den fyrste verdskrigen ut. Då var bestemor tiåring, og det var enno tre år til bokstaven Å kom inn i det norske alfabetet.

Bestemor var 14 då krigen tok slutt, og kort tid etter blei ho ramma av spanskesjuka, pandemien som tok livet av over 50 millionar menneske over heile verda – 15 000 av dei i Norge – mellom 1918 og 1920. Ho var 24 år og vaksen då penicilinen blei oppdaga ved ei tilfeldigheit i 1928 og revolusjonerte medisinen. I mellomtida hadde dei fyrste olympiske vinterleikane blitt arrangert (1924), og Norge hadde fått sin fyrste radiostasjon. Det skjedde i 1925.

Bestemor og bestefar gifta seg i februar 1929, og hausten same år ramma børskrakket i USA verdsøkonomien og danna grunnlaget for dei harde 30-åra, som kulminerte i den 2. verdskrigen. Då Norge blei invadert den 9. april 1940, var bestemor 36 år og hadde seks born. Etterretningsaktiviteten under krigen førte blant anna til at dei fyrste datamaskinane blei laga i England. Mor blei fødd under krigen, så då freden kom i 1945, var 41 år gamle Marit sju-barnsmor på Heggvold i Soknedal.

Ho skulle få tre born til før den moderne norske velferdsstaten såg dagens lys midt på 1960-talet. I jula 1969 fann dei olje i Nordsjøen, og Norge blei endra for alltid – berre eit halvt år etter at mennesket hadde gått på månen for fyrste gong. Det blei sjølvsagt vist på TV, som blei innført her til lands i 1960, same år som dei fekk elektrisitet i Heggvold. Då var bestemor 56 år gamal.

Med elektrisiteten kom ei rekke nyvinningar som gjorde livet lettare for ei mangebarnsmor på ein avsidesliggande gard. I det heile var det ei valdsam endring i kvinnenes livssituasjon og likestilling i bestemor si levetid. Politisk kan det symboliserast ved at ho var ni år då kvinnene fekk stemmerett i Norge og 76 år då landet fekk sin fyrste kvinnelege statsminister i 1981.

Det var kanskje den siste historiske hendinga før bestemor døydde i mars 1983 – om me ikkje reknar med nesten-sambygdingen Oddvar Brå sitt stavbrekk under ski-VM i 1982, då.

---

Mange av desse store hendingane er fjerne for oss i dag. Me les om unionsoppløysinga, den fyrste verdskrigen, spanskesjuka og før-elektrisk tid, men desse hendingane ligg jo så langt bak i tid. Eller gjer dei det? Eg hugsar jo sjølv folk som opplevde dei. Det er faktisk ikkje så lenge sidan før-industriell tid heller når far mimrar om morfaren sin - fødd i 1860.

søndag 20. august 2023

Grammatikk.com er 10 år!

For 10 år siden i dag - den 20. august 2013 - publiserte jeg nettsida grammatikk.com. Undertittelen på nettsida er "norsk grammatikk kort forklart" og forteller kortfattet hva som er målet mitt med den: å presentere ulike temaer i norsk grammatikk på en lettfattelig og ikke for omstendelig måte. Alt innholdet er gratis nedlastbart i pdf-format, og dokumentene - med noen ganske få unntak - er skrevet på relativt enkel norsk. Innlærere på et øvre A2-nivå vil kunne lese de fleste dokumentene.

Samtidig kan det være greit å si kort hva grammatikk.com ikke er. Det er ikke et sted for lingvistister og folk med et lett tvangsnevrotisk forhold til grammatikk-terminologi. Fokuset er didaktisk, og det betyr blant annet at noe av terminologien er forenklet og at bare deler av sannheten sies av og til. Alt for å gjøre det mer lettfattelig og oversiktelig for brukerne som lærer norsk.

Prosjektet har blitt godt mottatt. I skrivende stund har det vært 1 151 484 besøk på grammatikk.com si startside. Daglig er det mellom 400 og 500 besøk i gjennomsnitt. Hovedmålgruppa er utlendinger som lærer norsk, men jeg vet at sida også blir flittig brukt av både kollegaer som underviser i norsk for utlendinger, studenter, skoleelever og nordmenn som bare lurer på grammatiske problem eller som vil vinne diskusjonen rundt lunsjbordet på jobben. En gang oppdaget jeg til min store overraskelse at dokumentet om nynorsk var veldig populært. Så gikk det opp for meg at det nærmet seg norskeksamen på videregående ...

Når jeg sier at nettsida er 10 år gammel, er det en sannhet med modifikasjoner. Den første urversjonen laget jeg så langt tilbake som i 2007 (eller kanskje 2006), og som mange andre gode ideer, var denne et resultat av latskap. På den tiden var jeg frilans-underviser i ulike bedrifter, og jeg ble lei av å forklare de samme tingene om og om igjen i tekstene som kursdeltakerne leverte inn, og dermed oppstod denne tanken: Hva om jeg la ut ferdige forklaringer på nettet og viste til dem i forklaringene? Det ville jo spare meg for mye arbeid! Som sagt, så gjort. På kort tid var "Norsk grammatikk kort forklart" en realitet under de private nettsidene mine, og allerede i oktober 2007 lå det ute 33 dokumenter fordelt på temaene verb, substantiv, adjektiv, pronomen, preposisjoner, ordstilling og "forskjellig".

Så, i 2013, "profesjonaliserte" jeg sida: skaffet domenet grammatikk.com og laget en grafisk profil. Etter hvert introduserte jeg også nye tjenester: muligheten til å sende inn spørsmål, ei mailingliste for å følge med på oppdateringer (2014) og drill-øvelser. De siste kom til under pandemien i 2020, da folk måtte sitte hjemme og pugge på egen hånd. Samme år ga jeg også ut boka Norsk grammatikk enkelt forklart på Fagbokforlaget, basert på nettstedet.


På jubileumsdagen ligger det ute 88 dokumenter om grammatikk, vokabular og uttale, i tillegg til 17 driller og én mal for flashcards med irregulære verb.

Fra et datateknisk perspektiv er det en drøy påstand at jeg profesjonaliserte sida i 2013. Den er fremdeles ei veldig low-tech nettside, laget i enkel html. Alle dokumentene er som sagt i pdf-format - først og fremst fordi det er veldig praktisk for brukerne, men også fordi det sparer meg for utrolig mye koding. Mottakelsen tyder på at dette har vært et riktig valg. Som en kjent butikkjede sier: Det enkle er det beste. (For å være ærlig tilsier vel mine ferdigheter som nettsidebygger at det aldri var noe alternativ til det enkle ...)

Nettsida grammatikk.com gir altså studenter, lærere og andre hjelp med norsk grammatikk, men hva får så jeg igjen for å drive med dette? Først og fremst er det veldig givende at jeg har jevnlig kontakt med brukerne av sida ved at de stiller spørsmål - noen enkle, andre en virkelig utfordring. De fleste skriver for øvrig til meg på norsk selv om de åpenbart nettopp har begynt å lære språket. Det er jo kjempeflott å se i seg selv! En god del av spørsmålene kommer også fra kollegaer, og da får jeg jo innblikk i hva som rører seg omkring i landet. Det er også spennende. Dessuten får jeg en og annen gang en litt uvanlig forespørsel, som da en ganske kjent artist skrev og spurte om et komma i en av sangtekstene sine. Eller da et firma spurte hvilket av to alternative slagord som var best norsk. Jeg sa ingen av dem og foreslo et tredje - som de bestemte seg for å bruke!

Noe annet som har vært en veldig positiv overraskelse under arbeidet med grammatikk.com, er i hvor stor grad brukerne - både her i Norge og i Langtvekkistan - engasjerer seg i nettsida. Ser de en trykkfeil, sier de vennlig ifra, og mener de at en forklaring er ulogisk eller vanskelig å forstå, så tipser de meg om det også. Alltid på en hyggelig måte. Og slik bidrar de til å gjøre sida stadig bedre. En ivrig bruker i Tyskland har på eget initiativ finlest så å si alle dokumentene og gjort meg oppmerksom på flere små hår i suppa. Uvurderlig!

Og så er det de som rett og slett bare setter seg ned ved tastaturet og sender en e-post til meg om at de liker sida og takker for hjelpa. Da får jeg bensin på tanken og lyst til å videreutvikle grammatikk.com med nye dokumenter og driller. Jeg har også ideer til helt nytt innhold, så den som følger med, får se hva som skjer de neste 10 årene.